Vårt Budsjett

my goalEg (Susann) har i mange år hatt eit strengt klesbudsjett. Det byrja med 200 kr kvar månad, og har økt til 400 kr. Sidan eg har ein passion for mote har dette vore svært utfordrande, og det er dessverre mange månadar eg har sprengt budsjettet. På oppfordring av min mann skal eg no ta tak i dette. Resten av året skal eg i slutten av kvar månad leggje ut eit innlegg der eg visar månadens kjøp, slik at eg også står ansvarlig for mine lesarar når eg sprekk.

For å klare målet mitt kjem eg til å handle for det meste secondhand og på sal. I tillegg til budsjettet på 400 kr har eg sjølvsagt bursdag og jul. Eg har også ein startsum på 1300 kr som eg får bruke når eg vil gjennom året(Er redd det  blir tomt altfor fort!). Om eg sel klede/asseccoares som eg har frå før, kjem dette innskotet i tillegg, så dette er ein super motivasjon til å få gjennomstrømming i garderoben, noko som er bra både for miljøet og økonomien.

Håpar dette kan vere til inspirasjon for mange, og til hjelp, særleg viss du er ein som synes det er vanskeleg å følgje dagens trendar pga dårleg økonomi.

Share
Add Comment Register



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>