Opning av Fretexbutikk!

For eit par dagar sidan bestemte eg og mi søster oss for å reise til Oslo for å vere med på nyopninga av ein fretexbutikk på Olaf Ryes Plass. Her har Fretex samarbeida med Pia Tjelta, Vanessa Rudjord og Jenny Skavlan. Dei har funnet vintageskatter på sorteringsanlegget til Fretex, og har i tillegg donert store mengder klede, sko og tilbehør frå eigen garderobe.

Eg og Hannah hoppa på eit fly, og ankom Oslo i 12-tida i går. Sidan butikken ikkje opna før kl 18, hadde me på førehand skrive ut eit kart der me hadde avmerka andre Fretex butikkar i sentrum. Det blei med andre ord ein skikkeleg bruktbutikkride.

Me hadde ein fantastisk dag med mange gode kjøp frå ulike Fretexbutikkar og Tonica Vintage. Dagen blei toppa på kvelden med Justin Bieber-tilstander på opninga (me stod i kø i ein time), prat med herlege mennesker, som secondhand-dronninga Jenny Skavlan og ekteparet bak Fretex. Stor respekt for desse, dei gjer ein fantastisk innsats for miljøet, og for dei i samfunnet som treng ein ny start. Om du bur i Oslo, ta turen innom Olaf Ryes Plass!

Her er det meste av det me fekk med oss heim.. Våre klare favorittar er den stripete pferdgarten kjolen i silke, jakken med naglar frå Pia Tjeltan, gul bukse frå Jenny Skavlan, og svarte sko.

Her er det meste av det me fekk med oss heim.. Våre klare favorittar er den stripete pferdgarten kjolen i silke, jakken med naglar frå Pia Tjeltan, gul bukse frå Jenny Skavlan, og svarte sko.

Hannah og Jenny Skavlan (Ho hadde på seg ei nydeleg drakt som ho sjølv har omsydd av ein kjole. Sjekk bloggen hennar for fleire detaljar.)

Hannah og Jenny Skavlan (Ho hadde på seg ei nydeleg drakt som ho sjølv har omsydd av ein kjole. Sjekk bloggen hennar for fleire detaljar.)

Vårt møte med ekteparet bak Fretex. (legg merke til den stilige dressen)

Vårt møte med ekteparet bak Fretex. (legg merke til den stilige dressen)

Share
Dette innlegget ble publisert i Diverse. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Opning av Fretexbutikk!

  1. Cecilie Maria sier:

    Å, så gøy med ny blogg! :) Visste ikke at dere hadde «flyttet» hit!

    Skikkelig kult med Fretex-tur til Oslo! Og ser jo ut som om dere ble noen fine plagg rikere. :)

Add Comment Register



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

CommentLuv badge