Lucky me!

For ei stund tilbake deltok eg på ein konkurranse på instagram, i regi av Max Factor! Oppgåva var å dele sitt mest glamorøse bilete, og merke det med #glamjan.. Her var mine to bidrag, og jammen vann eg!! Happy,happy,happy! Så i mars tar eg turen til oslo for å få makeover og styling av deira dyktige stylist, Linda Wickmann, og 5000 kr å shoppa for! Gledar meg! Resultatet satsar eg på å få vise fram her på bloggen;)maxfactor glamjan maxfactornorway glamjan 2

Share
Publisert i Diverse | Merket med , , | 1 kommentar

Happy new year!

Hei hei godt folk! Håpar de har hatt ei flott jul! og godt nytt år! Me starta nyåret med eit smell, spysjuken for meg og littlajento Ariel…men no er me frisk igjen, og har trua på eit godt 2015;)nyttårhappy new yearnyttårsbukkmaske60'talls kjole

Her er antrekket frå nyttårsafta..Ein kjole eg fekk av min mann til jul… Den 60′talls inspirerte kjolen har eit supert snitt som både er hot for tida, og passar dei fleste fasongar;) Smart! (berre ikkje heilt ammevennleg dessverre).. Me feira dagen med å først gå nyttårsbukk med ongane, og så hadde me ein roleg kveld med god mat og gode vener!

Share
Publisert i Festantrekk | 1 kommentar

Hei Hå!

seiko dameklokkejuletre Arielfuru juletrejuletre til barnerommi datterHei,hei folkens! No er desember endeleg her, og eg har pynta i huset! Her om dagen gjekk eg, mamma, Hannah og mine to døttre (ei lita ei i vogn), tur i skogen for å finne små juletre! Stemninga var på topp! Dattera mi Ariel, gjekk i arva strikkeklede frå topp til tå, og eg i arva jakke!

No er det forresten to månadar sidan vår nydelege datter nr.2 kom ut i verda… Eg har hatt lyst å blogge lenge, men tida er rett og slett fullbooka med to jenter, ein eksamenslesande mann, og hus og heim! Likevel håpar eg på å få ut litt småinlegg i tida frammøve;)

Share
Publisert i Diverse | Merket med , , | Skriv en kommentar

Gravidinspirasjon

gravidI morgon er min termindato!! Så i den forbinsdelse har eg sett gjennom litt bilete frå graviditeten som eg tenkte eg kunne vise her..Det var i grunn overraskande få, noko antall blogginlegg det siste halvåret vitnar på! Eg har hatt svært lite klesinspirasjon etter at megen begynnte å vokse, men håpar desse antrekka kan vere til litt insirasjon for andre i gravid kleskrise! Det positive med desse antrekka er at det ikkje er mammaklede, men vanlege klede frå kjedebutikkane, noko som er både svært økonomisk, og som seff gjer at dei kan brukast igjen;) Til deko gravide ville eg ha skjekka ut denne bloggen frammøve!kjole H&Mbabylykke

Kjole og kimono frå H&M trend

Kjole og kimono frå H&M trend

antrekk til bryllup

Kjole og trøye frå BikBok, Sko frå Fretex

Kjole og trøye frå BikBok, Sko frå Fretex

gravid mammaklærtermindato

Genser frå BikBok never demin. Skjørtet er eigentleg ein tubekjole frå H&M, som passar perfekt til gravidmagen!

Genser frå BikBok never demin. Skjørtet er eigentleg ein tubekjole frå H&M, som passar perfekt til gravidmagen!

ullensvang hotellullensvang og gravid

Share
Publisert i Dagens antrekk, Diverse | Skriv en kommentar

Gjenbruksdag med Fretex!

bilete lånt av fretex.no

bilete lånt av fretex.no

Vil tipse alle mine lesarar om at no på laurdag, 6.sep. arrangerer Fretex gjenbruksdag i Bergen sentrum! Fretex har bl. a samarbeida med H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit og Jenny Skavlan, og dei skal begge vere tilstede på laurdag:) Det blir sal av brukte klede, catwalk, konsert o.l frå kl 13 til 16! Eg skal og gledar meg, så håpar de blir med;) Her kan de finne meir info om dagen..(og for mine lesarar i Fredrikstad,  så er det gjenbruksdag på fredagen).

Share
Publisert i Diverse | Merket med , , | Skriv en kommentar

Ungdomsskulereunion!

ungdomsskulereuniongravid uke 36gravid bloggerfestantrekk for gravideJa då har det jammen meg gått ti år sidan eg gjekk ut av ungdomskulen..Slett ikkje verst det..Følar meg nesten voksen.. Var superkjekt å treffe igjen folk etter ti år! Sidan eg kjem frå Osterøy, men har budd i Bergen dei siste 7 åra, er det mange eg ikkje har sett på all den tid:) Må sei me er skremmande lik oss sjølv!

Var litt usikker på kleskoden, så kjørte ein enkel stil med kjole frå vero moda, clutsh lånt av Hannah, sko frå loppis (sixtyseven) og hjertesmykke fått av min mann.. Litt vel safe og kjedeleg, men syntes det fungerte bra med min gravide mage..Skulle gjerne gått i stiletthelar, men det tillet ikkje rygg/bekken lenger..

Share
Publisert i Dagens antrekk, Festantrekk | Merket med , , | Skriv en kommentar

Bloggstopp..

tyllHei,hei! Me må berre beklage sterkt vår uannonserte og uplanlagte bloggstopp den siste månaden! Me kan skulde på travle tider med leilighetssal og huskjøp, diverse graviditetssyndrom i ulik skala, og eksamenslesing(for søstera mi), men me burde uansett ha advart deko lesarar på forhand! Veit i grunn ikkje korleis denne månaden klarte å flyge forbi utan nokon blogginnlegg, men det klarte den jammen meg.. Sidan det er sumarferie no, og eg og minn mann har ein og ein halv månad på å totalrenovere eit hus, før me flyttar inn, veit eg ikkje heilt korleis bloggsumaren vert sjåande, men nokre innlegg her og der skal me få til:)

Håpar det nyt livet, og etter kvert ferien! God sumar godt folk;)

Share
Publisert i Diverse | Merket med , | Skriv en kommentar